Tavle (norrønt tafla, frå latin tabula) er ei rektangulær flate som kan brukast til å skriva, teikna eller oppbevara ting på.[1]
Tavler har vore brukt gjennom historia til å hogga eller rissa inn eller skriva ned tekst på. Leirtavler er særleg kjende for kileskrift frå Midtausten, og er kjelde til mykje kunnskap om språk og kultur frå oldtida.[2][3][4] Annan tekst kunne hoggast inn på steintavler. Ifølgje Bibelen var Dei ti bodorda opphavleg skrivne ned på steintavler.[5]
Dei gamle grekarane og romarane brukte gjerne tretavler til å skriva brev på. Skriftflata var dekka med voks. Ein skreiv ved å rissa i vokslaget med ein spiss griffel av metall.[6] Seinare tok ein i bruk skifertavler som ein skreiv på med griffel eller krit.