Shaka Samvat

Sjaka-kalenderen (sanskrit, også kalla Shaka Samvat eller Saka Samvat) eller Salivahana-kalenderen er ei tidsrekning frå Sør-Asia som i dag har offisiell status som indisk nasjonalkalender. Ei moderne form av kalenderen har offisielt vore i bruk i India sidan 1957.[1] Kalenderen er ein av fleire hindukalendrar.[2]

Året då kalenderen byrjar svarer til år 78 i den vestlege (gregorianske) kalenderen. Byrjinga av året ligg i månaden tsjaitra, dagen etter vårjamdøgn. Dette svarer til 22. mars i den vestlege kalenderen. Eit år i kalenderen har 365 dagar, 366 ved skotår. Den første månaden (tsjaitra) har normalt 30 dagar, 31 ved skotår. Dei neste fem månadane har 31 dagar kvar, dei andre har 30.[1]

Skotår samsvarer med dei i den gregorianske kalenderen.[2]

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Brit
  2. 2,0 2,1 The Indian Calendar System, National Hindu Students Forum, arkivert frå originalen 17. april 2016, henta 23. april 2017 

Shaka Samvat

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne