Rossisen

Rossisen
isbrem
Rossisen
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 81°30′S 175°00′W / 81.500°S 175.000°W / -81.500; -175.000
Lengd 960 km
Areal 487 000 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rossisen
81°30′S 175°00′W / 81.5°S 175°W / -81.5; -175
Rossisen is located in Antarktis
Rossisen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Ross Ice Shelf

Rossisen eller Rossbarrieren i Antarktis er den største isbremmen i verda.[1] Han ligg lengst sør i Rosshavet og dekkjer eit område på 487 000 km², om lag like stort som Frankrike.[2]

Dei største isbremmane i Antarktis. Rossisen er avmerkt i raudt. Kart frå National Snow and Ice Data Center.

Han er fleire hundre meter tjukk. Den neste vertikale isfronten mot det opne havet er meir enn 600 km lang, og mellom 15 og 50 meter høg over vassflata. 90% av den flytande isen ligg derimot under vassflata. Det meste av Rossisen ligg innanfor Ross Dependency, kravområdet til New Zealand.

Rossisen har namn etter kaptein James Clark Ross. Ross oppdaga bremmen 28. januar 1841, og gav han namnet Victoria barrier etter dronning Viktoria av Storbritannia. Ross kartla isfronten austover mot 160º V. Den første som utforska isen var nordmannen Carsten Borchgrevink.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Ordliste
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Antarctic Hazards

Rossisen

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne