Dronning Maud Land

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå musikkgruppa Dronning Mauds Land.
Dronning Maud Land

(norsk: Dronning Maud Land, norsk)

Det norske flagget
Flagg




Styresett
Konge
Administrasjon
Biland
Harald V
Justisdepartmentet
Flatevidd
 – Totalt
 
2 700 000 km²
Folketal
 – Estimert
 – Tettleik
 
0
0/km²
Hendingar
Annektert
Biland
Antarktistraktaten
14. januar 1939
21. juni 1957
23. juni 1961
BNP
 – Totalt ()
 – Per innbyggjar
 
mill. USD (.)
USD (.)
Tidssone UTC +1
Telefonkode ++47
Toppnivådomene .no
Kart over Dronning Maud Land:
Kart over Dronning Maud Land

Dronning Maud Land [sic],[1] uoffisielt òg skrive Dronning Mauds land, er eit kring 2,7 millionar kvadratkilometer[2] stort område i Antarktis som Noreg gjer krav på som biland.[3] Området ligg mellom 20° vest og 45° aust, mellom Britisk Antarktis i vest og Australsk Antarktis i aust. Grensene i nord og sør er ikkje offisielt fastsett.[4] Området ligg i Aust-Antarktis, og utgjer om lag ein sjettedel av heile Antarktis.[5] Området er kalla opp etter dronning Maud (1869–1938), kona til kong Haakon VII av Noreg.

Norske Hjalmar Riiser-Larsen var den første personen som steig i land i området i 1930. Den 14. januar 1939 gjorde Noreg krav på området. Frå 1939 til 1945 gjorde Tyskland krav på Neuschwabenland,[6] som utgjorde ein del av Dronning Maud Land. Den 23. juni 1961 vart Dronning Maud Land ein del av Antarktistraktaten, og det vart ei demilitarisert sone. Det er eit av to norske kravområde i Antarktis. Det andre er Peter I Øy. Dei vert administrert av Polaravdelingen i Justisdepartementet i Oslo.

Det meste av territoriet er dekt av Den antarktiske innlandsisen, og ein høg isvegg strekkjer seg langs kysten. I somme området bryt fjellkjeder gjennom isdekket og her kan ein finne hekkande fugl og noko plantevekst. Regionen er delt inn i Kronprinsesse Märtha Kyst, Prinsesse Astrid Kyst, Prinsesse Ragnhild Kyst, Prins Harald Kyst og Kronprins Olav Kyst. Farvatnet utanfor kysten vert kalla Kong Haakon 7 Hav.

Det er ingen permanente busetnader i Dronning Maud Land, men det finst tolv aktive forskingsstasjonar her med opp mot 40 forskarar i alt. Talet på forskarar varierer gjennom året. Seks av stasjonane er i drift året rundt, medan dei andre berre er i bruk om sommaren. Det går flysamband til Troll flyplass frå Cape Town i Sør-Afrika og frå den russiske Novolazarevskaja-stasjonen. Flyplassen ligg nær den norske forskingsstasjonen Troll.[7]

  1. «Stadnamn i norske polarområde» (på engelsk). Norsk Polarinstitutt. Henta 12. desember 2012. 
  2. «Minifacts about Noreg 2011: 2. Geography, climate and environment». Statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 12. oktober 2012. 
  3. «Forutsetninger for Antarktistraktaten: Dronning Maud Lands statsrettslige stilling - "utviklingen" frem til 1957». Norsk Polarhistorie (på norsk). Henta 15. mai 2011. 
  4. «Dronning Maud Land». Norsk Polarinstitutt. Henta 12. oktober 2012. 
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet m540
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet admle
  7. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet r305

Dronning Maud Land

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne