Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Vulgata

Johannesevangeliet i Vulgata Clementina, ei latinutgåve frå 1922.

Biblia Vulgata ('den alminnelege Bibelen' eller 'Folkebibelen') er ei latinsk omsetjing av Bibelen utført av Hieronymus i tidsrommet 382-405 på oppdrag frå pave Damasus. Føremålet var å få ein enkelt versjon av Bibelen som kunne erstatta dei dåverande latinske latinske omsetjingane, kjende som Vetus Latina, som stemde dårleg overeins.[1]

I evangelia reviderte omsetjaren mykje for å få dei så nær den greske teksten som mogleg, men for resten av Det nye testamentet utførte han berre mindre endringar. Det viktigaste Hieronymus gjorde var at han gjekk vekk frå tradisjonen med å basera omsetjinga av Det gamle testamentet på den greske versjonen Septuaginta, og i staden prioriterte den hebraiske teksten (bortsett frå Salmane og andre pseudepigrafiske skrifter som han berre hadde på gresk).[1]

Den første trykte boka, Gutenberg-bibelen frå 1456, var Vulgata. Under motreformasjonen slo Trientkonsilet i 1546 fast at Vulgata skulle vera den offisielle bibelteksten til den katolske kyrkja. Kyrkja har seinare stått for fleire reviderte utgåver av Vulgata.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Vulgata». Store norske leksikon (på norsk). 2. juli 2019. 

Previous Page Next Page






Vulgata AF فولغاتا Arabic الفولجاتا ARZ Vulgata AST Vulqata AZ Vulgata BAR Vulgata BCL Вульгата BE Вульгата BE-X-OLD Вулгата Bulgarian

Responsive image

Responsive image