Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Sommarfuglar

Sommarfuglar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Endopterygota
Orden: Sommarfuglar Lepidoptera
Linnaeus, 1758
Ein amerikansk sommarfugl (Common buckeye, Junonia coenia) med tydelege augeflekkar.
Pieris cheiranthi

Sommarfuglar eller fivrelde er med over 120 000 beskrivne artar ei av dei større gruppene mellom insekta. Ved sida av dei fargesprakande og vakre dagsommarfuglane høyrer òg mange meir nøytrale og ofte natt- eller skymingsaktive artar til sommarfuglane. Desse «nattsvermerrane» eller «mòlen», som dei ofte blir summerte som, utgjer hovudvekta (92 %) av sommarfuglane, men er ikkje rekna som noka naturleg gruppe.

Eit avleidd fellestrekk for alle sommarfuglar er at vengene er dekt med små skjel. Det er desse som mogeleggjer dei fantastiske fargespela hos dagsommarfuglane, men dei finst altså òg i mòl, om enn i ofte litt mindre fargesprakande utgåver. Òg mangelen av cerciene og av det midterste medianauget er eigenskapar som oppstod i stamarten til sommarfuglane.

Dagsommarfuglane sin lange, samanrulla sugesnabel var derimot ikkje til stades i stamarten til sommarfuglane. Mange mòlgrupper har framleis bitande munndeler, noko som òg gjeld alle larver. Evolusjonært sett skjedde ikkje danninga av sugesnabelen som ei enkel hending, men i mange små steg, som kan rekonstruerast ved å undersøke korleis munndelane er bygd i dei ulike «greinene» i sommarfuglane sitt stamtre.

Dei første stega skjedde i stamarten til Glossata, der galea, ein del av maxillen («underkjeven»), vart omdanna til ein enkel sugesnabel. Mandiblane («overkjeven») tapte samtidig ledda sine, blei mindre og funksjonsudyktige. Snabelen var utan eigen muskulatur til å byrje med, men fekk eigne musklar i stamarten til Myoglossata. Det var derimot først i stamarten til Ditrysia at sugesnabelen òg fekk skråstilte musklar, noko som gjorde den så rørleg som den f.eks. er i dagsommarfuglane.

I Noreg har ein funne 2 200 sommarfuglartar.


Previous Page Next Page