Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Sepphoris

Sepphoris
landsby
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Jezreeldalen regionale kommune
Del av Nedre Galilea
Koordinatar 32°45′10.4″N 35°16′46.2″E / 32.752889°N 35.279500°E / 32.752889; 35.279500
Kart
Sepphoris
32°45′11″N 35°16′45″E / 32.753055555556°N 35.279166666667°E / 32.753055555556; 35.279166666667
Kart som viser Sepphoris.
Kart som viser Sepphoris.
Kart som viser Sepphoris.
Wikimedia Commons: Tzippori

Sepphoris (gammalgresk Σέπφωρις), òg kalla Tzippori (hebraisk צִפּוֹרִי), Diokesaraea (gammalgresk Διοκαισάρεια) og Saffuriya (arabisk صفورية, Safurriya og Suffurriye) er ein landsby og ein arkeologisk stad som ligg sentralt i Galilea i Israel, 6 km nord-nordvest for Nasaret.[1] Han ligg 286 meter over havet og ligg oppom Beit Netofa-dalen. Staden har ei rik historie med spor frå hellenistisk, jødisk, romersk, bysantinsk, islamsk, krosstog, arabisk og osmansk tid. I kristen tradisjon er det trudd å vere fødestaden til Jomfru Maria, og landsbyen der heilage Anna og Joakim ofte vert sagt å ha budd.[2]

Kvinnebilde frå eit mosaikkgolv i Sepphoris, ofte omtalt som «Mona Lisa frå Galilea».

Av kjende bygg på staden finn ein eit romersk teater, to tidlege kristne kyrkjer, ei krossfararborg som vart renovert av Daher el-Omar på 1700-talet, og over seksti forskjellige mosaikkar, datert frå 200- til 500-talet evt.[3][4]

Etter Bar Kokhba-opprøret i 132–135, var Sepphoris eit av sentera i Galilea der rabbinarfamiliane frå Judea flytta til.[5] Det er avdekt ruinar av ei synagoge frå 500-talet i dei nedre delane av staden. På 600-talet vart byen erobra av arabiske kalifat, i lag med resten av Palestina. Dei arabiske og islamske imperia styrte området fram til slutten av første verdskrigen, utanom eit kort avbrot under krosstoga.

Fram til avfolkinga under den arabisk-israelske krigen i 1948,[6] Saffuriya var ein palestinsk arabisk landsby. Moshav Tzippori vart grunnlagd nær staden i 1949. Han er underlagt Jezreeldalen regionale kommune og hadde i 2006 eit folketal på 616. Landsbyen ligg der den tidlegare arabiske landsbyen låg og vart erklært ein nasjonalpark i 1992

  1. Leroy Waterman (1931). «Sepphoris, Israel». The Kelsey Online. Arkivert frå originalen 27. juni 2006. Henta 27. februar 2015. 
  2. Eric Meyers, red. (1999). Galilea, Confluence of Cultures. Eisenbrauns: Winona Lake, Indiana.  s. 396-7
  3. Zeev Weiss, 'The Mosaic of the Nile Festival Building at Sepphoris and the legacy of the Antiochene Tradition,' in Katrin Kogman-Appel, Mati Meyer,(eds.) Between Jewism and Christianity: Art Historical Essays in Honor of Elisheva (Elizabeth) Revel-Neher, BRILL, 2009 s.9-24, s.10.
  4. Mariam Shahin (2005). Palestine: A Guide. Interlink Books: Northhampton, Massachusetts. 
  5. Stuart S. Miller,Studies i Historie and Traditions of Sepphoris, BRILL 1984 s.132.
  6. Benny Morris (2004). The birth of the Palestinian refugee problem revisited. Cambridge University Press. s. 417, 516–517. ISBN 978-0-521-00967-6. Henta 28. august 2011. 

Previous Page Next Page






صفورية Arabic Сепфорис Bulgarian Seforis Catalan Ẕippori (lungsod) CEB Cipori Czech Sepphoris German Σέπφωρις Greek Sepphoris English Séforis Spanish Seforis EU

Responsive image

Responsive image