Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Palestinarar

Palestinske ungar i Jenin, juli 2002.
Kaffidrikkande palestinarar. (Frå eit stereografi-foto trykt i USA i 1900.)

Palestinarar er ein person frå Palestina, både i moderne tyding og det større historiske området.[1]

I moderne språkbruk blir ordet oftast bruka som nemning på hovudsakleg muslimske og i mindre grad kristne, arabiskspråklege grupper med bakgrunn frå det sørvestlege Levanten — hovudsakleg Israel, Vestbreidda, vestlege delar av Jordan, Gazastripa og tilgrensande område i Egypt. Inntil tida etter Andre verdskrigen inkluderte omgrepet òg jødar — både sefardiske og mizrahiske jødar, med dokumentert lokal busetnadshistorie i over eit halvt tusen år, og askenasiske jødar, som hovudsakleg kom flyttande til området frå 1800-talet av. Desse gruppene inngår òg i PLO sin definisjon av palestinarar, med atterhald om at dei lyt ha budd i området «før den sionistiske koloniseringa tok til» (jamfør PLO-charteret) eller vera direkte etterkommarar på farssida etter folk som budde i området «før den sionistiske koloniseringa». I PLO sitt program for ein demokratisk og sekulær stat vert dette vegskiljet sett ved Balfour-deklarasjonen i 1917. I varierande grad har omgrepet òg vore bruka om samaritanarar, druzarar og mange andre etniske og/eller religiøst definerte grupper.

PLO-charteret frå juli 1968 definerer palestinarane slik:

Artikkel 5. Palestinarane er arabiske borgarar som normalt oppheldt seg i Palestina fram til 1947. Dette inkluderer både dei som vart tvinga til å reisa og dei som vart verande i Palestina. Kvar og ein som er fødd med palestinsk far etter denne datoen, er å rekna som palestinar.
Artikkel 6. Jødar som normalt oppheldt seg i Palestina fram til den sionistiske invasjonen tok til er å rekna som palestinarar.
  1. «Palestiner», Store norske leksikon, 21. februar 2012 

Previous Page Next Page






Ureueng Filastin ACE Palestyne AF Palestins AN فلسطينيون Arabic فلسطينيين ARZ Pueblu palestín AST Fələstinlilər AZ فیلیسطین‌لی AZB Wang Paléstina BAN Палесцінцы BE

Responsive image

Responsive image