Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Moshav

Zekharia moshav
Sdema

Moshav (hebraisk מוֹשָׁב, fleirtal מוֹשָׁבִים moshavim, tyder 'busetnad, landsby') er ein type by eller busetnad i Israel, særleg nytta om ein type kollektivt jordbrukssamfunn av individuelle gardar busett av arbeidarsionistar under den andre aliyah-bølgja. Ein innbyggjar eller eit medlem av ein moshav vert kalla ein «moshavnik» (מוֹשַׁבְנִיק).

Moshavar minnar om kibbutzar men med ei vekt på kollektivt arbeid. Dei vart utforma som ein del av nasjonsbygginga til sionistane etter Yishuv («busetnad») i Palestinamandatet tidleg på 1900-talet, men i motsetnad til dei kollektive kibbutzane, eigde ein gardane sjølv i ein moshav, men dei hadde fast og same storleik. Arbeidarane produserte avlingar og varer på eigedomane sine gjennom individuelt og/eller felles arbeid og ressursar, og nytta fortenesta og matvarer til å livnære seg sjølv. Moshavar vert styrt av eit valt råd (hebraisk ועד, va'ad, tyder 'komité'). Samfunnsprosjekt og anlegg vart finansiert av ein særskatt (hebraisk מס ועד, mas va'ad, tyder 'komitéskatt'). Denne skatten var lik for alle hushaldningar i busetnaden, og skapte dermed eit system der gode bønder klarte seg betre enn dei dårlege, i motsetnad til dei kollektive kibbutzane der (i det minste på papiret) alle medlemmane hadde same levestandard. Mange moshavar eksisterer framleis.


Previous Page Next Page






موشاف Arabic موشاف ARZ Moixav Catalan Mošav Czech Moshav CY Moschav German Moshav English Moŝavo EO Moshav Spanish Moshav EU

Responsive image

Responsive image