Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Moropark

Porten til «Fornøielsesavdelingen» under Jubileumsutstillingen på Frogner 1914.

Fornøyelsespark, moropark eller tivoli, er ein park med underhaldande attraksjonar som karusellar, berg-og-dal-baner, pariserhjul,[1] spel og anna. Ordet «tivoli »kjem av den italienske byen Tivoli,[2] som vart kjend for hageanlegga sine.

Ein moropark som er basert på eitt eller flere tema vert kalla ein temapark. Typiske døme på temaparkar er Disneyland i California, Legoland og Kaptein Sabeltanns verden. Den siste er eit underhaldningsanlegg i Kristiansand Dyrepark. Ein moropark som har barnefamiliar som målgruppe, vert gjerne kalla ein familiepark. Attraksjonane her er ofte meint for både små og store.

  1. «fornøyelsespark» i Nynorskordboka.
  2. «tivoli». Store norske leksikon (på norsk). 25. januar 2023. 

Previous Page Next Page