Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Divergens

Divergens er i vektoranalyse ein operator som måler storleiken på kjeldene eller sluka i eit visst punkt i eit vektorfelt som ein skalar med forteikn. Til dømes kan ein tenkje seg luft som vert varma opp eller avkjølt. Det relevante vektorfeltet i dette dømet er snøggleiken til luftrørsla i eit punkt. Om lufta vert varma opp i eit område, vil lufta utvide seg i alle retningar, slik at snøggleiksfeltet peikar utover frå dette området. Derfor har divergensen til snøggleiksfeltet i dette området ein positiv verdi, sidan regionen er ei kjelde. Om lufta vert avkjølt og trekkjer seg saman, vil divergensen vere negativ og området er eit sluk. Meir teknisk kan ein seie at divergensen representerer volumtettleiken til den utoverretta fluksen i eit vektorfelt frå eit infinitesimalt volum rundt eit visst punkt.

I meteorologien tyder divergens utstrøyming av luft frå eit område. Ein vil i slike tilfelle få danna lågtrykk ved bakken.


Previous Page Next Page