Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Det georgiske alfabetet

Det georgiske alfabetet

TypeAlfabet
PeriodeSiden 5. årh. e.Kr. (trad. 3. årh. f.Kr.)
SpråkGeorgisk og enkelte andre Kartvelske språk
AvstammingMoglegvis frå det greske alfabetet
Skapt avtrad. Parnavaz I av Iberia
Unicode10A0 — 10FF
ISO 15924Geor


Det georgiske alfabetet blir brukt til å skriva georgisk og nokre få andre kaukasiske språk, som mingrelsk. Det blei også brukt til å skriva ossetisk og abkhasisk på 1940-talet.

Dagens alfabet har 33 bokstavar. Ein handfull andre var i bruk tidlegare, men har gått ut av bruk. Bokstavane står nesten i eit ein-til-ein-tilhøve med lydane i georgisk.

Alfabetet er kjent sidan 400-talet, men har uklart opphav. Nokre teikn liknar greske skriftteikn, medan andre kan ha andre opphav. I følgje dei tradisjonelle sogene som vart skrive ned av Leonti Mroveli på 1000-talet, vart det georgiske alfabetet laga av Parnavaz I, den første kongen av Kaukasisk Iberia (også kalla Kartli), i det tredje hundreåret f.Kr.

Det finst tre forskjellige variantar av det georgiske alfabetet, som er så forskjellige frå kvarandre at det ikkje er mogleg å forstå dei to andre ved å forstå eitt av dei. Desse variantane blir kalla asomtavruli (majusklar), nuskhuri (minusklar) og dagens mkhedruli, som ikkje har forskjell mellom store og små bokstavar.

Asomtavruli-alfabetet, også kjend som mrgvlovani ('avrunda'), finst i inskripsjonar frå 400-talet, som i den georgiske kyrkja i Betlehem frå om lag 430, medan visse arkeologiske funn an vera endå eldre. Nuskhuri, også kjend som kutkhovani ('firkanta') dukka opp på 800-talet. Dei to alfabeta blei brukte saman i religiøse tekstar, der dei avrunda asomtavruli-bokstavane blei brukte som majusklar. Saman var dei kjend som khutsuri, 'kyrkjeskrift'.

Det moderne alfabetet, mkhedruli ('sekulær' eller 'militær skrift'), dukka opp på 1000-talet og blei først brukt til ikkje-religiøse tekstar. Det erstatta kyrkjeskrifta heilt på 1700-talet.


Previous Page Next Page