Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Candela

Candela er den grunnleggjande SI-eininga for måling av lysstyrke. Symbolet for candela er cd.

1 candela er lysstyrken i ei gitt retning til ei lyskjelde som sender ut monokromatisk lys med frekvens 5,40 × 1014 Hz, og med strålingsstyrke i den gitte retninga lik 1/683 watt per steradian.

Den valde frekvensen i det synlege spektrumet er nær grønt fordi menneskeauget er mest var denne frekvensen. Ved andre frekvensar krevst høgare strålingsintensitet for å oppnå den same lysstyrken i høve til frekvensresponsen frå menneskeauget.

Candela er latin og tyder stearinlys. Eit vanleg stearinlys gir om lag 1 cd og ei 100 W lyspære om lag 120 cd.


Previous Page Next Page






قنديلة Arabic قنديلة ARY Candela AST Kandela AZ Кандэла BE Кандэла BE-X-OLD Кандела Bulgarian ক্যান্ডেলা Bengali/Bangla ཁེན། BO Candela BR

Responsive image

Responsive image