Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Bolsjevik

Møte i Bolsjevikpartiet i 1920: Frå venstre Enukidze, Kalinin, Bukharin, Tomskij, Lasjevitsj, Kamenjev, Preobrazjenskij, Serebrjakov, Lenin og Rykov

Bolsjevik er ei nemning brukt om tilhengarane av bolsjevismen, den retninga innanfor det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet RSDRP/RSDAP som under leiing av Vladimir Lenin blei til det sovjetiske kommunistpartiet og skapte internasjonal kommunisme. Nemninga tyder fleirtalsmannrussisk.

Den internasjonale kommunismen blei i 1919 organisert i den Kommunistiske Internasjonalen, også kalla Tredje Internasjonalen, som Josef Stalin oppløyste i 1943. Etter den tid finst det eigentleg ikkje lenger nokon internasjonal kommunisme, men ei rekkje ulike «kommunismar» knytte til dei ulike eittpartiregima der det statsberande partiet har brukt denne nemninga om seg sjølv.

Ein tilhengar av den andre hovudretninga i RSDRP/RSDAP blei kalla mensjevik, noko som i russisk kontekst i praksis kom til å bety demokratisk sosialist. Den fremste personlegdomen i mensjevismen var Julius Martov.


Previous Page Next Page






Bolsjewis AF بلشفية Arabic بلاشفه ARZ Bolxevique AST Bolşeviklər AZ بولشوویک AZB Bolschewist BAR Бальшавікі BE Бальшавікі BE-X-OLD Болшевизъм Bulgarian

Responsive image

Responsive image